Kraftsituasjonen veke 8 2017
Høgare vindkraft gav nedgang i kraftprisane.
I veke 8 var det særleg høg vindkraftproduksjon i Norden og Nord-Europa. Den samla vindkraftproduksjonen i Norden nesten like høg som veka med ekstremvêret Urd. I Tyskland vart det produsert 4,3 TWh med vindkraft i veke 8, noko som er ny produksjonsrekord.
Den høge vindkraftproduksjonen gav lågare prisar i Norden og Tyskland. I Danmark falt prisen ned til 21 øre/kWh i snitt for veka. I fem timar blåste det så mykje at ein i Danmark og Tyskland fekk betalt for å bruke straum. Dei låge kraftprisane snudde kraftflyten til nettoimport for både Noreg og Norden.