Publisert 09.03.2022

Kraftsituasjonen veke 9, 2022

Auka brenselsprisar og uro i energimarknadene, samt særs lite vind på kontinentet

Prisauken på brensler heldt fram førre veke. Framtidsprisane på kull og gass er no meir enn dobla på to veker. Dette verker inn på terminprisane for tysk og nordisk kraft, som auka betrakteleg i veka som gjekk. Ein viktig årsak til auken i brenselsprisane er uvisse knytt til korleis Russlands invasjon av Ukraina vil påverke europeisk gassforsyning i tida framover. Gass frå Russland stod for nær 40 prosent av EU sitt totale gassforbruk i 2021.  

Vindkraftproduksjonen sør i Norden og på kontinentet var særs låg i veka som gjekk. I Tyskland viser førebels tal at vindkraftproduksjonen vart redusert med 73 prosent samanlikna med veka før. Lite vind og høge kraftprisar på kontinentet bidrog til at Noreg var nettoeksportør av kraft gjennom heile veka. Nettoeksporten ut av både Noreg og Norden var den høgaste over ei veke hittil i år. Totalt eksporterte Noreg 663 GWh førre veke.

Kraftprisen i store delar av Norden og kontinentet auka i veka som gjekk. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen 167 øre/kWh, ein auke på 35 prosent frå veka før. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) gjekk vekeprisen ned og enda på rundt 14,7 kr/kWh.

I sørlege Noreg var kraftprisen særs høg fredag morgon. Låg vindkraftproduksjon og høge kraftprisar i landa Noreg har mellomlandsforbindelsar til bidrog til ein pristopp på 390 øre/kWh mellom klokka 8 og 9.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 9 2022 (PDF). 


Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 9 var fyllingsgrada i norske magasin på 37,0 prosent. Fyllingsgrada gjekk ned med 2,9 prosenteiningar frå veka før. Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 46,1 prosent. Fyllingsgrada ligg no 9,1 prosentpoeng lågare enn medianverdien.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 52,9 prosent, mens Aust-Noreg (NO1) hadde lågast fylling med 22,4 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

 

Kontaktperson

Overingeniør Hege Bruvik Kvandal