Skredelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5867
- Saksnummer
- 200905183
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- Nord-Norsk Småkraft AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Bodø
- Vassdragsområde
- 162.62A
- Søkt produksjon
- 8,00 GWh
NVE gjev løyve til Skredelva kraftverk og avslår Øvre Mølnelv kraftverk. Vi anbefaler at det blir gjeve løyve til Rognlia kraftverk. Alle kraftverka er planlagt i Bodø kommune.
Skredelva og Rognlia kraftverk vil samla produsere om lag 15 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til 750 husstandar. Øvre Mølnelv kraftverk, kunne ha gjeve om lag 7,2 GWh.
Søknadane er behandla samtidig for å best mogleg gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane frå småkraftverka. Verdfullt landskap, friluftsliv, naturmangfald, kulturminne og reindrift har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE er positive til dei to kraftverka vi meiner vil vere i minst konflikt med allmenne interesser, og som samtidig vil bidra med ei viss mengde ny fornybar energiproduksjon.
For å redusere dei negative verknadane for dei allmenne interessene, er det sett vilkår til det prosjektet som har fått løyve og forslag til vilkår til det prosjektet der NVE anbefaler løyve. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjere tilpassingar som er tilstrekkelege til å avbøte ulempene frå Øvre Mølnelv kraftverk som får avslag.