Skjomenvassdraget - revisjon av konsesjonsvilkår

Registreringsnummer
7436
Saksnummer
201403450
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Revisjon av konsesjonsvilkår
Status
NVEs innstilling til ED (positiv)
Tiltakshaver
STATKRAFT ENERGI AS
Fylke
Nordland
Kommune
Narvik
Vassdragsområde
173.Z

Innstilling for revisjon av Skjomenvassdragene oversend til Olje- og energidepartementet

NVE har oversendt innstilling til olje- og energidepartementet for Skjomenvassdragene. NVE tilrår at det sleppast minstevassføring i elva Skjoma gjennom heile året for å betre oppvekst- og levevilkåra for laks og sjøaure. Dette har vore eit sentralt tema i høyringsinnspela som har kome i saken. Utfordringane for fiskebestanden er godt dokumentert i undersøkingar over fleire år. 

Det foreslegnevasslippetvil gi eit produksjonstap like i underkant av 40 GWh, samanlikna med i dag. Dette er ikkje eit ubetydeleg produksjonstap, men NVE har i denne saka lagt stor vekt på omsynet til miljøverdiane i vassdraget. NVE legg vekt på at minstevassføringa vil gi vesentlegemiljøforbetringar i eit viktig lakse- og sjøaurevassdrag og at Skjomen er prioritert i nyleg godkjend regional plan for vassforvaltning.