Uppstad kraftverk
- Registreringsnummer
- 7010
- Saksnummer
- 201300163
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Mini-/mikrokraftverk
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 25.04.2016
- Tiltakshaver
- UPPSTAD KRAFTVERK AS
- Fylke
- Agder
- Kommune
- Valle
- Vassdragsområde
- 021.F2B
- Søkt produksjon
- 5,71 GWh
NVE har avslått søknad om løyve til å bygge Uppstad kraftverk i Håvestøylåne i Valle kommune i Aust-Agder, grunna konflikt med verneverdiane.
Uppstad kraftverk ville hatt ein årelg produksjon på om lag 5,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 286 husstandar. Håvestøylåne er del av det verna vassdraget Njardarheim. Vassdraget vart verna i 1973 av omsyn til dei alminnelege naturvern- og friluftsinteresser i eit område som frå før er sterkt prega av kraftutbygging. Ei realisering av planane vil medføre store inngrep og endring av naturlege vassføringstilhøve i ein urørt del av vassdraget. Det omfattande inngrepet vil også ha negative konsekvensar for viktige naturverdiar. NVE meiner difor at verneverdiane vil bli svekka.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/901 98 216
Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66