Skjerdal kraftverk
- Registreringsnummer
- 6137
- Saksnummer
- 201003706
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 29.11.2018
- Tiltakshaver
- SKJERDALSELVA KRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Aurland
- Vassdragsområde
- 072.3Z
- Søkt produksjon
- 20,20 GWh
NVE gjev løyve til Kråkeelvi kraftverk i Balestrand kommune, TVK kraftverk i Vik kommune, Dyrdalselva kraftverk i Høyanger kommune og Kvammadalselvi kraftverk i Aurland kommune. Brekka kraftverk i Balestrand kommune, Skjerdal kraftverk i Aurland kommune og Tura kraftverk i Vik kommune får avslag.
Dei fire kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 51,7 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til 2600 husstandar. Prosjekta som får avslag, kunne samla ha gjeve om lag 39,3 GWh.
Søknadane er behandla samtidig for best mogleg å gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane frå småkraftverka. Verdifullt landskap og naturmangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. Det er gjeve konsesjon til dei kraftverka NVE meiner vil vere i minst konflikt med allmenne interesser, og som samtidig vil bidra med ei viss mengde ny fornybar energiproduksjon.
For å redusere dei negative verknadane for dei allmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av dei fire prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjere tilpassingar som er tilstrekkelege til å avbøte ulempene frå dei tre kraftverka som får avslag.