Fire løyve og tre avslag til småkraftverk i Sogn og Fjordane
NVE gjev løyve til Kråkeelvi kraftverk i Balestrand kommune, TVK kraftverk i Vik kommune, Dyrdalselva kraftverk i Høyanger kommune og Kvammadalselvi kraftverk i Aurland kommune. Brekka kraftverk i Balestrand kommune, Skjerdal kraftverk i Aurland kommune og Tura kraftverk i Vik kommune får avslag.
Dei fire kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 51,7 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til 2600 husstandar. Prosjekta som får avslag, kunne samla ha gjeve om lag 39,3 GWh.
Søknadane er behandla samtidig for å best mogleg gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane frå småkraftverka. Verdifullt landskap og naturmangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. Det er gjeve konsesjon til dei kraftverka NVE meiner vil vere i minst konflikt med allmenne interesser, og som samtidig vil bidra med ei viss mengde ny fornybar energiproduksjon.
For å redusere dei negative verknadane for dei allmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av dei fire prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjere tilpassingar som er tilstrekkelege til å avbøte ulempene frå dei tre kraftverka som får avslag.
Les meir om søknad og grunngjeving for kraftverka på www.nve.no:
Søkjar |
Kraftverk |
Konsesjonsgitt produksjon (GWh/år) |
Sognekraft AS |
13,7 GWh/år |
|
Sognekraft AS |
Avslått |
|
Norges Småkraftverk AS |
16,2 GWh/år |
|
Skjerdalskraft SUS |
Avslått |
|
Tura Kraft AS |
Avslått |
|
Dyrdal Kraft AS (SUS) |
9,3 GWh/år |
|
Kvammadalselvi Kraftverk SUS |
12,5 GWh/år |