Publisert 27.05.2016

Ikkje løyve til Bjørnvatn kraftverk

NVE avslår søknad frå Norsk Vannkraft AS om løyve til å bygge Bjørnvatn kraftverk i Vasstøylsåni i Valle kommune i Aust-Agder grunna konflikt med villrein.

Bjørnvatn kraftverk ville hatt ein årleg kraftproduksjon på om lag 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar.

Kraftverket var planlagt i eit nasjonalt villreinområde, som også er eit særleg viktig trekkområde for villreinen. Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ivareta villreinen. Den samla belastninga i området er stor frå før, og ein utbygging av Bjørnvatn kraftverk ville bidrege til ytterlegare press på villreinstamma. Etter NVE sitt syn er det ikkje mogeleg med gode avbøtande tiltak. 

Les meir om bakgrunn for vedtaket.

 

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 /901 98 216

Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66