Publisert 17.12.2015

Ikkje løyve til Kjækanelva kraftverk

NVE gjev ikkje Clemens Kraft AS løyve til å bygge Kjækanelva kraftverk i Kvænangen kommune i Troms, grunna negative konsekvensar for friluftsliv og reindrift.

Kjækanelva kraftverk var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 4,7 GWh.

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverket ville ført til negative konsekvensar for friluftsliv og reindrift i eit svært viktig område for desse interessene. NVE har også lagt noko vekt på ulemper for biologisk mangfald og uttak for drikkevatn, men NVE meiner dette kan avbøtas i større grad enn ulempene for friluftsliv og reindrift. NVE registrerer at alle høyringspartar som tek stilling til utbyggingsspørsmålet rår frå ei utbygging.

NVE meiner dei negative verknadene er større enn nytten av tiltaket for allmenne og private interesser og gjev difor ikkje løyve til bygging av Kjækanelva kraftverk.

Les meir om Kjækanelva kraftverk

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt,
tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Erlend Støle Hansen,
tlf. 22 95 98 26