Løyve til ny 420 kV kraftleidning Sauda - Lyse
NVE gjev Statnett SF løyve til å bygge ein ny ca. 78 kilometer lang 420 kV kraftleidning frå Sauda transformatorstasjon i Sauda kommune til Lyse transformatorstasjon i Forsand kommune, i Rogaland.
Den nye 420 kV kraftleidningen skal erstatte ein av dei eksisterande 300 kV leidningane mellom Sauda og Førre. Mellom Førre og Lyse skal begge dei eksisterande leidningane bestå. Tiltaket inneber også å oppgradere eksisterande transformator- og koplingsstasjonar i Sauda og i Hylen.
NVE gjev løyve til tiltaka for å legge til rette for god forsyningstryggleik på Sør-Vestlandet, realisering og god utnytting av mellomlandsforbindelsane, i tillegg til tilknyting av ny fornybar energiproduksjon.
Les meir om 420 kV Sauda - Lyse
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør: Rune Flatby: tlf. 41 67 82 03
Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg: tlf: 90 19 30 08