Publisert 21.12.2020

NVE gjev konsesjon til ny transformatorstasjon og kraftleidning mellom Opstad og Håland i Rogaland

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Lyse Elnett løyve til å bygge og drive ei ny kraftleidning mellom Opstad i Hå kommune og ein ny transformatorstasjon ved Håland i Time kommune. Det er kombinasjonen av auka straumforbruk og befolkningsauke i regionen som gjer det naudsynt å auke kapasiteten i straumnettet.

Kraftleidninga på 132 kV vil verte rundt 9,1 km lang og skal frå Opstad i hovudsak følgje traséen til dagens 50 kV-leidning mellom Opstad og Holen fram til Grødem. Frå Grødem vil ho fortsette nord-vestover til Håland. NVE gjev samstundes Lyse Elnett rett til å rive den eksisterande 10,5 km lange 50 kV-kraftleidninga mellom Opstad og Holen.

NVE forutsett at Lyse Elnett forsøker å finne minnelege ordningar med grunneigarar/rettshavarar. For den tid at dei ikkje lukkast å bli einige, har NVE gitt samtykke til ekspropriasjon av grunn og rettar som er naudsynt for å gjennomføre tiltaket.

Treng meire straum

Tiltaka det vert gitt løyve til er del av eit større prosjekt med spenningsoppgradering av regionalnettet på Jæren. Venta befolkningsauke i regionen og elles auka straumforbruk gjer det naudsynt å auke kapasiteten i straumnettet. Høg alder på eksisterande nett tilseier at tiltaka bør gjerast no.

NVE har vurdert moglege negative verknader den nye stasjonen og leidninga kan ha for grunneigarar, naboar, naturmangfald, kulturminne og samfunnet elles opp imot nytta for samfunnet.

– NVE har konkludert med at fordelane overgår ulempene, men har også stilla vilkår om avbøtande tiltak for å redusere dei negative verknadene, seier Lisa Vedeld Hammer, seksjonssjef for nettkonsesjon i NVE.

Dette inneber mellom anna traséval, merking av liner med fugleavvisarar og krav til detaljplanlegging.

På NVE sine nettsider finn du relevante dokument i denne saka og generell informasjon om kraftleidningar.

 

Kontaktpersonar

Lisa Vedeld Hammer (seksjonssjef)
tlf: 22 95 90 33
liha@nve.no

Jan Are Gildestad (rådgiver)
tlf: 22 95 94 38
jag@nve.no