Publisert 18.12.2015

Seks løyve og fire avslag til småkraftverk i Nesset og Rauma i Møre og Romsdal

NVE gjev løyve til Kvidalselva og Skorga kraftverk i Nesset kommune, og Skorgeelva, Morgådalselva, Loftdalselva og Rabbelva kraftverk i Rauma kommune. Fire av kraftverka, Strandelva kraftverk i Nesset kommune og Smøråa, Høgseterelva og Kavlifoss kraftverk i Rauma kommune får avslag.

Dei seks kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 65,4 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 3270 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 30,3 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Verdfullt naturmangfald og landskap har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner gjev minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra med ei viss mengde ny fornybar energiproduksjon.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege til å bøte på ulempene som ville ha følgt av kraftverka som fekk avslag.

Les meir om søknad og grunngjeving for kraftverka på nve.no

Søkjar

Kraftverk

Konsesjonsgitt produksjon (GWh/år)

Clemens kraft AS

Kvidalselva kraftverk

6,09 GWh/år

Clemens kraft AS

Strandelva kraftverk

avslått

Norges småkraftverk AS

Skorga kraftverk

10 GWh/år

Blåfall AS

Smøråa kraftverk

avslått

Småkraft AS

Skorgeelva kraftverk

18 GWh/år

NK Småkraft AS

Morgådalselva kraftverk

9,2 GWh/år

NK Småkraft AS

Loftdalselva kraftverk

14 GWh/år

NK Småkraft AS

Rabbelva kraftverk

8,1 GWh/år

NK Småkraft AS

Høgseterelva kraftverk

avslått

Rauma energi AS

Kavlifoss minikraftverk

avslått

Kontaktpersonar

Sakshandsamar Kaja H. Engebrightsen, 22 95 92 51

Sakshandsamar Eirik Bjørkhaug, 22 95 93 66

Sakshandsamar Birgitte Kjelsberg, 22 95 90 32

Sakshandsamar Bård Ottesen, 22 95 95 28

Seksjonssjef Øystein Grundt, 901 98 216