Publisert 13.03.2024

Kraftsituasjonen veke 10, 2024

Låg vindkraftproduksjon i Norden og likare prisar mellom Norden og kontinentet

Førre veke auka kraftprisen for alle prisområda i Noreg samanlikna med veka før. Prisen auka meir i dei nordlege områda enn i sør, og prisskilnaden mellom dei norske områda vart redusert. I Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen på om lag 73 øre/kWh. I Midt-Noreg (NO3) var vekeprisen 68  øre/kWh, medan den i Nord-Noreg (NO4) enda på 62 øre/kWh. Dette var den høgaste vekeprisen så langt i år i Nord-Noreg. Likevel heldt Nord-Noreg fram å ha den lågaste kraftprisen i Nord-Europa.

Låg vindkraftproduksjon nord i Norden (NO3, NO4, SE1, SE2 og Finland) kan forklare noko av prisauken. Dette bidrog til mindre kraftoverskot i Norden og mindre prisforskjell mellom Norden og kontinentet. I tillegg var kjernekraftverket Olkiluoto 3 (1400 MW) ute av drift grunna planlagt vedlikehald. Finland hadde den høgaste kraftprisen i Nord-Europa med ein vekepris på 96 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mathias Nipen
Epost: jmtn@nve.no