Publisert 22.03.2023

Kraftsituasjonen veke 11, 2023

Låg nettoeksport

Mildare vêr i heile landet førte til ein nedgang i kraftforbruket førre veke. Kraftproduksjonen gjekk også ned, og i sum importerte Noreg nesten like mykje kraft som vi eksporterte.  Vindkraftproduksjonen gjekk derimot opp, noko som bidrog til lågare kraftprisar samanlikna med veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen 108 øre/kWh, og i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var den høvesvis 57 og 45 øre/kWh.

Det nye kjernekraftverket Olkiluoto 3 i Finland starta opp igjen testproduksjonen på onsdag, etter ein periode utan produksjon. Kjernekraftverket, som har ein kapasitet på 1600 MW, skal etter planen vere i normal drift frå 17. april.

Fyllingsgraden i norske vassmagasin låg rett under medianen og var på 38,3 prosent førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 11 2023 her.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 11 2023 her.

 

Kontaktperson

Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no