Publisert 28.04.2021

Kraftsituasjonen veke 16, 2021

Auke i vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar

Gjennomsnittleg kraftpris i Noreg førre veke var 36,8 øre/kWh, som er ein nedgang på åtte prosent samanlikna med veka før. Nedgangen hang saman med blant anna lågare forbruk og auke i vindkraftproduksjonen i store delar av Norden. Det var spesielt ei stor auke i Sverige, der det var ei dobling i vindkraftproduksjon samanlikna med veka før.

Prisnedgangen vart størst i dei sørlege prisområda og det var framleis ein prisskilnad mellom dei sørlege og nordlege prisområda i Noreg. I nord var kraftprisen halvparten av prisen i sør.

Høg vindkraftproduksjon bidrog til enkelte timar med svært låge kraftprisar i store deler av Norden og nord på kontinentet. Noreg såg i mindre grad desse låge kraftprisane. Dette har blant anna si årsak i avgrensingar i importkapasiteten til Noreg frå Sverige og Danmark.

Rapporten inneheld også ein kommentar rundt uvisse i snømengde i NVE sine energianalysar.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 16 her.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no