Publisert 14.06.2023

Kraftsituasjonen veke 23, 2023

Lågare vindkraftproduksjon og jamnare kraftprisar

På grunn av pågåande snøsmelting auka fyllingsgraden i magasina, og i løpet av førre veke gjekk fyllingsgraden opp med 4,6 prosentpoeng. Den ligg no 3 prosentpoeng under medianen samla for landet. Tilsiget i førre veke var på 6,3 TWh, medan prognosen for inneverande veke er på 7,7 TWh. Det var lite nedbør over heile landet førre veke, og totalt sett var det meir fordamping enn nedbør.  

Førre veke var prega av høgare kraftprisar og mindre prisvariasjon enn veka før. Mindre uregulerbar kraftproduksjon frå vindkraft bidrog til å halde prisane på eit høgare nivå gjennom veka både på kontinentet og i Norden. Snittprisane i sørlege Noreg låg mellom 60 og 80 øre/kWh for veka. Noreg hadde netto eksport totalt sett for veka. Lågare forbruk i helga, saman med meir vind- og solkraftproduksjon på kontinentet gav negative prisar søndag. Prisane var nede i -6 øre/kWh i dei fleste prisområda i Norden og på kontinentet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 23, 2023 (PDF)

Les meir om om vassmagasinstatistikken her

Kontaktperson

Christine Birkeland
Epost:cbi@nve.no