Publisert 22.06.2022

Kraftsituasjonen veke 24, 2022

Høge kraftprisar i Europa og flaskehalsar gav prisskilnad mellom dei sørlege prisområda

Låg vindkraftproduksjon bidrog til prisauke på kontinentet i veka som gjekk. Dette verka óg inn på prisane i Norden. Førre veke vart gjennomsnittsprisen i Søraust- og Vest-Noreg (NO1, NO5) 152 øre/kWh. Vekeprisen for Sørvest-Noreg enda på 180 øre/kWh, 28 øre høgare enn Søraust- og Vest-Noreg. Samstundes som det var fleire timar med flaskehalsar, var det også ein del planlagt vedlikehald på fleire kraftverk. Basert på marknadsmeldingar var det mellom 2000-3000 MW redusert kapasitet for vasskraftproduksjonen i Sørvest-Noreg store delar av førre veke. Med forbindelsar til kontinentet blir også kraftprisane i Sørvest-Noreg (NO2) i større grad påverka av dei europeiske kraftprisane. Vekeprisen for Nord- og Midt-Noreg (NO4, NO3) låg på 10 øre/kWh.

I slutten av førre veke og i inneverande veke har det vore store endringar i terminprisane. Ein viktig årsak til dette er redusert LNG-eksportkapasitet frå USA og reduserte gassleveransar frå Russland. Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Handelskapasiteten på kabelen til England (NSL) skulle ifølgje marknadsmeldinga auke til full kapasitet på 1400 MW førre måndag. Kapasiteten som var gitt til marknaden har likevel vore varierande, spesielt på importsida.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 24 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 24 var fyllingsgrada i norske magasin 48,0 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 59,0 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 4,9 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (NO3) med 62,2 prosent, mens Vest-Noreg (NO5) hadde lågast fylling med 38,6 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Førstekonsulent Erlend Aarskaug Rud
Epost: eaar@nve.no