Publisert 06.07.2022

Kraftsituasjonen veke 26, 2022

Auka gasspris og høgare kraftprisar i Sør-Noreg

Prisen i Sørvest-Noreg auka med 8 øre frå veka før, og var i gjennomsnitt 230 øre/kWh. Vekeprisen i Vest-Noreg (NO5) og Søraust-Noreg (NO1) var i snitt 67 øre lågare enn i Sørvest-Noreg, og enda på 162 øre/kWh. Fleire land som Noreg har utvekslingskapasitet til hadde enda høgare kraftprisar førre veke. I blant anna Danmark, Tyskland og Nederland var vekeprisen nær 300 øre/kWh. Høgare gasspris er ein viktig årsak til auka i kraftpris. Førre fredag var gassprisen på det høgaste sidan starten av mars.  Dei høge kraftprisane nord på kontinentet bidrog til at nettoeksporten frå sørlege Noreg var den høgaste sidan veke 9.

I Midt- og Nord-Noreg fall kraftprisen med om lag 5 øre frå veka før, og var i gjennomsnitt 2,5 øre/kWh. God ressurssituasjon, lågare forbruk og redusert  eksportkapasitet på grunn av vedlikehaldsarbeid er viktige årsaker til nedgangen i pris.

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 26 var fyllingsgrada i norske magasin 59,2 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 67,9 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 5,7 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (prisområde 3) med 82,3 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 45,5 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no