Publisert 19.07.2023

Kraftsituasjonen veke 28, 2023

Negativ døgnpris i Søraust-Noreg på søndag

Gjennomsnittleg vekepris fortsett å falle i store delar av Nord-Europa i førre veke, men det var stor variasjon i timeprisane. I Vest- og Søraust-Noreg var vekesprisen om lag 43 øre/kWh. Flaskehalsar i nettet mellom dei sørlege prisområda store delar av veka bidrog til at vekesprisen i Sørvest-Noreg var høgare, og enda på 68 øre/kWh. Prisnivået i Storbritannia og på kontinentet var høgare enn i Noreg, og  det var hovudsakeleg eksport frå sørlege Noreg. Nettoeksporten ut av Noreg auka difor frå veka før

Søraust-Noreg hadde negativ døgnpris for fyrste gong på søndag. Alle dei norske prisområda fekk null eller negativ pris i 20 timar i løpet av helga. Viktige årsaker til dette var høg vindkraftproduksjon både i Norden og nord på kontinentet, høg  solkraftproduksjon i blant anna Tyskland og Nederland og lågt forbruk grunna helg. Mange timar med nullprisar og negative prisar både på kontinentet og UK ga i periodar på søndag import på alle utenlandskablane til Europa.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 2023 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 28 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 70,5 prosent. Gjennom veka  auka magasinfyllinga med 3,1 prosenteiningar.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer om til dømes snø, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no