Publisert 24.01.2024

Kraftsituasjonen veke 3, 2024

Ny kald periode og forbruksrekord i nord

Forbruket i dei fleste prisområda i Norden auka førre veke samanlikna med veka før. Auka var spesielt stor i dei nordlege områda. Førebels tal visar at Nord-Noreg (NO4) hadde det høgaste vekeforbruket nokon sinne med 506 GWh. I Midt-Noreg (NO3) var forbruket på om lag 700 GWh, berre slått av veke 6 i 2021. Det kalde vêret var ein viktig årsak til forbruksrekorden. Sjølv med det høge forbruket var kraftprisen i Nord-Noreg den lågaste i Nord-Europa med 59 øre/kWh. Vekeprisen i Midt-Noreg var på 79 øre/kWh.

Auka vindkraftproduksjon førre veke og fallande gassprisar og CO2-kvotar den siste tida bidrog til lågare kraftprisar på kontinentet. Dette er blant årsakene til at vekeprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) gjekk ned samanlikna med veka før. Den var på høvesvis 101, 94 og 93 øre/kWh i dei tre prisområda. På tysdag fekk Søraust-Noreg (NO1), Sør-Sverige (SE3 og SE4), Danmark (DK2) og Finland, enkelte timar med prisar over 300 øre/kWh. Høgt forbruk, låg vindkraftproduksjon og flaskehalsar mot andre prisområde var blant årsaka til dei høge timeprisane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 3 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mathias Nipen
Epost: jmtn@nve.no