Publisert 28.08.2024

Kraftsituasjonen veke 34, 2024

Lågaste prisar i år på grunn av mykje nedbør og vind

Mykje nedbør gav høgt tilsig i heile Noreg førre veke. Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) fekk over 300 prosent av normalen med nedbør for veka. Begge områda har høg fyllingsgrad noko som gjer vasskrafta mindre regulerbar i periodar med høgt tilsig.

Høg vindkraftproduksjon i Norden og Nord-Europa bidrog til fall i kraftprisane i førre veke. Saman med høg solkraftproduksjon på dagtid bidrog dette til negative prisar sjølv på vekedagar i Nord-Europa. Vekesprisen i dei norske prisområda var 4-5 øre/kWh, med unntak av i Sørvest-Noreg (NO2). Der var vekeprisen 36 øre/kWh, ned frå 59 øre/kWh veka før. Alle prisområda i Norden, utanom Sørvest-Noreg (NO2) og Danmark (DK1 og DK2) hadde den lågaste vekepris så langt i år. 

Låg magasinfylling, høg vassverdi og mykje vind i omkringliggjande prisområde bidrog til framleis låg vasskraftproduksjon i Nord-Noreg (NO4). Den låge produksjonen dei siste vekene har bidrege til ei forbetring i ressurssituasjonen.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Mathias Nipen

Epost: jmtn@nve.no