Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 08.09.2021

Kraftsituasjonen veke 35, 2021

Kraftprisen i sørlege Noreg over 100 øre/kWh

Kraftprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) var i gjennomsnitt 102,9 øre/kWh førre veke. Dette er 20 prosent høgare enn veka før. Prisauken heng mellom anna saman med høgare kraftprisar på kontinentet. Det var spesielt enkelttimar med svært høg kraftpris i første halvdel av veka som bidrog til auken. I desse timane følgde kraftprisen i sørlege Noreg kontinentet i større grad enn resten av veka. I første halvdel av veka var fleire vasskraftverk ute til vedlikehald i Sørvest-Noreg (NO2), og norsk vindkraftproduksjon var låg.

I Midt- og Nord-Noreg gjekk vekesprisen ned med 10 prosent, til 48,7 øre/kWh. Dette betyr at prisskilnaden mellom nord og sør har auka samanlikna med dei siste vekene.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 35 2021 (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen

Epost: laee@nve.no