Publisert 27.09.2023

Kraftsituasjonen veke 38, 2023

Negative vekeprisar i Noreg for fyrste gong

Førre veke var prega av høg vindkraftproduksjon og mykje nedbør i heile Norden, noko som gav høg produksjon av uregulerbar kraft. Kraftforbruket for Noreg samla var om lag som normalt for årstida. 

Høg kraftproduksjon i heile Norden og normalt forbruk, i kombinasjon med avgrensingar i nettet og sterk hydrologisk balanse, bidrog til mange timar med negative prisar i Norden gjennom veka. For fyste gong vart den gjennomsnittlege vekeprisen negativ i prisområda i aust og vest i Noreg (NO1 og NO5), med ein snittpris på -1 øre/kWh. Også sørvest-Noreg (NO2) fekk denne veka stor nedgang i kraftprisar og fleire timar med negative prisar.

Alle prisområda i Norden, med unntak av sørvest-Noreg (NO2) og sør-Sverige (SE4), hadde vekeprisar under 10 øre/kWh. Høgare vind- og solkraftproduksjon pressa kraftprisane ned også på kontinentet, men prisane der heldt seg likevel på eit høgare nivå enn i Norden. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 2023

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Christine Birkeland
Epost: cbi@nve.no