Publisert 02.10.2019 , sist oppdatert 03.10.2019

Kraftsituasjonen veke 39, 2019

Mindre vind gav høgare prisar i Norden

Med relativt liten endring i kraftetterspurnad og redusert produksjon i Norden vart prisane pressa opp. Noreg har enda dei lågaste prisane i Norden.

Torsdag tredobla kraftprisane i Finland og Baltikum seg i høglasttimane om morgonen og ettermiddagen. Årsaken til prisauken var redusert produksjon og overføringskapasitet. Mellomlandsforbindelsen frå Sverige til Finland vart kopla ut torsdag for vedlikehald samtidig som det var redusert produksjon i fleire finske kraftverk. Den manglande fleksibiliteten resulterte i eit auka behov for dyr import frå Russland.

Mindre vind i Sverige og Danmark, og redusert produksjon i Noreg, resulterte i netto import av straum til Norden. På trass av reduksjonen har vi framleis netto eksport frå Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 2019 (PDF)

Kontaktpersonar

Rådgjevar Ingvild Vestre Sem, ivs@nve.no

Seksjonssjef Åsmund Sunde Valseth, aasv@nve.no