Publisert 04.10.2023 , sist oppdatert 05.10.2023

Kraftsituasjonen veke 39, 2023

Mildt vêr og auka kraftproduksjon i Noreg

Veke 39 var prega av mildt vêr og det var lite endring i kraftforbruket samanlikna med veka før. Kraftproduksjonen vart noko høgare, og det var vasskraftproduksjonen som auka medan vindkraftproduksjonen gjekk ned. Nord i Norden var det gode vindforhold, noko som bidrog til at Nord-Noreg (NO4) hadde import frå Sverige og Midt-Noreg i periodar med høg produksjon av vindkraft. Sør i Norden og på kontinentet var det mindre vindkraftproduksjon enn veka før.

Lågare vindkraftproduksjon bidrog til høgare kraftprisar på kontinentet enn veka før, men prissmitta over i norske kraftprisar var låg. Kraftprisane i Noreg, Sverige og Finland vart i snitt låge. Fleire timar med negative prisar gjennom veka bidrog til dette. Det vart negative vekespriser i Aust-Noreg (NO1) og Vest-Noreg (NO5) for andre veke på rad. Det er framleis mykje vatn i det norske og nordiske systemet. Saman med varsel om meir nedbør, gjer det at kraftprodusentane produserer sjølv med låge priser for å unngå tap av vatn.

Vedlikehald på kabelen frå Sørvest-Noreg (NO2) til Tyskland ga lågare tilgjengeleg eksportkapasitet før helga. Eksportkapasiteten til Sverige (SE3) frå Aust-Noreg (NO1) auka samanlikna med veka før, men kapasiteten var framleis om lag 1000 MW lågare enn det som er installert effekt på forbindinga.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 2023

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 39 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 84,6 prosent.  Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,7 prosenteiningar.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Ingrid Ueland
Epost: inguel@nve.no