Publisert 02.02.2022

Kraftsituasjonen veke 4, 2022

Nok ei veke med mykje vindkraft i Norden

Høg vindkraftproduksjon i Norden bidrog til at kraftprisen i Sør-Sverige og Danmark gjekk  ytterlegare ned  førre veke. Det er spesielt i periodar med lågt forbruk og mykje vindkraft at kraftprisen fell . Dette er typisk om natta og i helga.

Sørlege Noreg (NO1, NO2, og NO5) opplevde ikkje like låge kraftprisar i dei same periodane. Dette har samanheng med at kraftprisen på kontinentet heldt eit høgt nivå. Sjølv om sørlege Noreg til tider importerte rimeleg kraft frå Midt-Noreg (NO3) og Sør-Sverige (SE3), var det framleis eksport til Nederland, Tyskland og Storbritannia. Unntaket var natt til laurdag då sørlege Noreg hadde import frå kontinentet, Midt-Noreg  og Sør-Sverige samtidig.

Førebelse produksjonstal viser at vasskraftproduksjonen i sørlege Noreg gjekk ned førre veke. Dette har bakgrunn i at vasskraftprodusentar verdset vatnet høgare enn kraftprisane var i enkelte timar med import frå naboprisområda. Ved å halde tilbake produksjon no, har ein att meir vatn til kraftproduksjon seinare. Ein høgare del av forbruket vart dermed dekt av import i timar med låge prisar i landa rundt oss. Lågare vasskraftproduksjon bidrog til at sørlege Noreg ikkje fekk like låge kraftprisar som naboprisområda.

I slutten av veka vart kapasiteten på kablane mellom Noreg og Danmark endra. Noreg har no kapasitet til  å importere 1680 MW og eksportere  1143 MW til Danmark. Noreg har med dette auka importmoglegheit med ca. 500 MW. Kapasiteten må framleis reduserast i ei retning grunna eksisterande feil på kablane.

Kraftprisane i Noreg var førre veke relativt uendra samanlikna med veke tre. For sørlege Noreg (NO1, NO2, og NO5) var gjennomsnittleg vekepris 131 øre/kWh, ein nedgang på fem prosent. For Midt- og Nord-Noreg var vekeprisen 16 øre/kWh, ein auke på fire prosent.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 4 2022 (PDF)

Vassmagasinstatistikk
Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 4 var fyllingsgrada i norske magasin 48,9 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,3 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 59,7 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 63,7 prosent, mens Aust-Noreg (NO1) hadde lågast fylling med 40,0 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no