Publisert 01.11.2017

Kraftsituasjonen veke 43 2017

Kraftig vind og meir kjernekraft.

Vindkraftproduksjonen i Danmark og Sverige auka med om lag 40 prosent frå veke 42 til 43, medan den tyske vindkraftproduksjonen vart nær dobla. Det medverka til at kraftprisen i Tyskland vart halvert. Frå laurdag kveld gav vinden nesten eit døgn med negative kraftprisar. Dei negative prisane smitta òg over til Jylland. I Sør-Sverige kom også det største kjernekraftverket tilbake i drift, noko som i tillegg vart med drive opp kraftproduksjonen.

Trass i auken i tilgangen på rimelig kraft, var prisnedgangen i Noreg liten. Grunnen til det var forbruket i Noreg auka på lågare temperatur. Prisforskjellane mellom nord og sør var bare 2 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 43 her. (PDF)

Kontaktperson

Martin Andreas Vik;
tlf: 22 95 93 31