Publisert 20.12.2023 , sist oppdatert 17.01.2024

Kraftsituasjonen veke 50, 2023

Mildare vêr og prisnedgong i helga

Etter fleire veker med kaldt og tørt vêr låg temperaturane nærare normalen for veke 50. Noreg fekk noko meir tilsig frå regn og snøsmelting enn føregåande veker. Forbruket i heile Norden gjekk ned.

I fyrste del av veka var det låg vindkraftproduksjon i Norden, og særleg i nord. Det bidrog til timar med høgare prisar i Midt- og Nord-Noreg tysdag og torsdag, enn i sørlege Noreg. I sørlege Noreg var det import frå Nederland og England som bidrog til at prisane ikkje var like høge som i Midt- og Nord-Noreg i same periode. I helga var forbruket lågt i Norden, samtidig som vindkraftproduksjonen var høg. Dette gjorde at kraftprisane falt mykje i heile Norden. Sverige hadde ein gjennomsnittspris nede i 5 øre/kWh søndag. I Midt- og Nord Noreg var det òg timespris ned i 3 øre/kWh natt til søndag. 

Gass- og CO2-prisen har gått ned dei siste vekene. Saman med mildare temperaturar og høg vindkraftproduksjon har det bidratt til at kraftprisane har gått noko ned òg på kontinentet. Vekesprisane for kraft for veke 50 var likare mellom Norden og kontinentet enn veka før. I dei sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5) var vekesprisen 97 øre/kWh, i Midt-Noreg (NO3) 82 øre/kWh og 76 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 2023.

Merknad: Kraftsituasjonsrapporten for veke 51 og 52 blir publisert onsdag 3. januar 2024. 

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

NB! Grunna heilagdagar vil vassmagsinstatistikken for veke 51 bli publisert torsdag 28.12. kl 1300, ikkje onsdag som vanleg.

Kontaktperson

Ingrid Ueland
Epost: inguel@nve.no