Kraftsituasjonen veke 52, 2023
Mykje vindkraft og norsk nettoimport
Dei siste to vekene av 2023 var prega av mykje vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar i Nord-Europa. I Tyskland og Storbritannia var veke 51 og 52 blant vekene med høgast vindkraftproduksjon i 2023. Saman med lågare forbruk grunna juleferie, bidrog dette til mange timar med nullprisar og negative prisar på kontinentet og mykje import til sørlege Noreg. Det var nettoimport til Noreg i både veke 51 og 52.
Det var prisfall i heile Nord-Europa frå veke 50 til 51. I veke 52 gjekk prisane ytterlegare ned på kontinentet, medan dei auka noko i dei norske prisområda. Dette har blant anna si årsak i at fleire norske vasskraftprodusentar valde å spare på vatnet til seinare i vinter, da kraftprisane forventast å vere høgare. Kraftprisane i sørlege Noreg var dei høgaste i Nord-Europa i veke 52. Prisen var 63 øre/kWh i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) og 68 øre/kWh i Vest-Noreg (NO5).
Fredag i veke 52 vart forbindinga mellom Danmark (DK1) og Storbritannia, VikingLink, offisielt satt i drift. Forbindinga har ein installert kapasitet på 1400 MW, men vil i starten bli drifta på 800 MW
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 52 2023.
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.