Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 19.01.2022

Vassmagasinstatistikk veke 2 2022

Mindre nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 2 var fyllingsgrada i norske magasin 51,9 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,1 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 65,4 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 65,5 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 45,2 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 2, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.