Publisert 03.11.2015 , sist oppdatert 02.07.2023

Damsikkerhet

Dammar og andre vassdragsanlegg kan vere ei fare for samfunnet om ikkje sikkerheita ved anlegga vert teke på alvor. Ansvaret for sikkerheita er plassert hos eigar av vassdragsanlegga, medan NVE si rolle er å sjå til at eigaren følgjer opp dei krava til sikkerheit som blir stilt gjennom regelverket.

Omgrepet vassdragsanlegg omfattar mellom anna dammar (demningar), trykkrør knytta til kraftverk og tilhøyrande konstruksjonar som luker og sluseanlegg.
(Sjå definisjonar)

I dag føregår NVE sitt tilsyn med vassdragsanlegg hovudsakleg gjennom godkjenning av tekniske planar ved nybygging og ombygging, og i tillegg inspeksjonar av anlegga og revisjonar av eigaranes internkontroll.

Les meir om NVEs arbeid med damtryggleik her.