Publisert 21.03.2023 , sist oppdatert 07.07.2023

Status - kva skjer no?

Etter flaumen i 2014 har Voss herad og NVE arbeidd med alternative løysingar for flaumsikring. Vi har fått utarbeidd ein moglegheitsstudie og hatt eit større forprosjekt for å vurdere alternative sikringstiltak langs Vossovassdraget. Forprosjektet vart presentert i Voss heradsstyre 18.juni 2020. I etterkant av dette var det semje mellom heradet og NVE å gå vidare med ei detaljvurdering om det er mogleg å etablere lokale tiltak på Vangen og ved Evanger sentrum. 

Flaumen i Voss november 2022. Foto: Sveinung Klyve

Lokale tiltak kan bestå av flaummurar i kombinasjon med pumpestasjonar, og ev. avleiingskanalar oppe i liene for å hindre mykje lokaltilsig. For å kunne dokumentere om lokale tiltak i form av flaummurar har tiltenkt effekt/verknad, er det viktig å ha oversikt over kor permeable massane er og korleis og kor mykje vatn som strøymer i grunnen. Ein skal òg ta omsyn til drikkevasskjelda til Voss sentrum. For å kartlegge dette er det engasjert konsulent for å etablere ein grunnvassmodell for Vangen.

For å utarbeide ein god modell trengs det instrumenterte grunnvassbrønnar. Etablering og instrumentering pågår og dei siste grunnvassbrønnane skal vere på plass og ferdig instrumentert i løpet av september 2023. Brønnane vert plassert på kommunal grunn. I etterkant av dette startar konsulenten opp med å lage ein grunnvassmodell. 

Figuren under syner oppinnstrumenteringa som pågår no. Grønne sirklar er nye grunnvassbrønnar på land.  Blå er ny målestasjon i elv. Svarte sirklar syner brønnane som eksisterar frå tidlegare. 

Microsoftteams Image


Vossovassdraget  er eitt av dei vassdraga i Noreg som er best instrumentert. Totalt vil det bli:

  • 9 + 8 (nye) grunnvassbrønnar
  • 2 +1 (ny) målestasjonar i elv

Parallelt med lokale tiltak vert det arbeidd vidare med vurdering av flaumtunnell. Det er m.a. etablert ein målestasjon i Raundalselvi og vi begynner no å få tilstrekkeleg datagrunnlag for å kunne rekne på kor mykje vatn det vil vere mogleg å ta ut av vassdraget høgt i Raundalen. Den hydrauliske vassdragsmodellen som vart etablert i forprosjektet vil verte oppdatert med nytt datagrunnlag ila hausten 2023.

Lokale tiltak kan gi forbetring av flaumtilhøva på Vangen. NVE pliktar å utreie dei tiltaka som har størst samfunnsnytte vurdert opp mot kostnadane ved tiltaka. Grunnvassmodellering og utreiing av lokale tiltak vil gi oss svar på om lokale tiltak kan gi forbetring eller ikkje. Vi er kjent med at det er permeable grunntilhøve på Vangen – no får vi svar på om lokale tiltak i det heile teke er mogleg å etablere med forbetrande effekt.  Flaumtunnelar er store og omfattande tiltak som vil krevje konsesjon etter vassressurslova, m.a. av di ålmenne interesser vert berørt. Ved konsesjonshandsaming skal alltid alternative tiltak vere vurdert og dokumentert.