Publisert 12.07.2023

Kraftsituasjonen veke 27, 2023

Lågare prisar i sørlege Noreg og høgare i Midt- og Nord-Noreg

Ferdigstilt vedlikehaldsarbeid i nettet ga auka overføringsmoglegheit frå Midt-Noreg (NO3) til Vest-Noreg (NO5) førre veke. Dette bidrog til auka kraftproduksjon og eksport frå dei nordlege prisområdane (NO3 og NO4). Meir kraftflyt sørover bidrog til lågare vasskraftproduksjon i sørlege Noreg, hovudsakeleg i Vest-Noreg. Det ga fleire timar kor de høgare prisane i sør smitta over på kraftprisane lenger nord i Noreg. Dette bidrog til at prisforskjellane mellom de norske prisområda minka i veka som gjekk.

Nord-Noreg hadde framleis den lågaste prisen i Norden, med 28 øre/kWh. Sørvest-Noreg (NO2) hadde en vekepris på 84 øre/kWh og hadde saman med Danmark (DK1) den høgaste prisen i Norden førre veke. I starten av veka bidrog høg sol- og vindkraftproduksjon til negative kraftprisar i Tyskland. Vasskraftprodusentane i sørlege Noreg kunne i disse timane regulere ned produksjonen, og ein større del av forbruket vart dekt av import. Mindre eksport til kontinentet og meir import frå Midt-Noreg gjorde at nettoeksporten frå sørlege Noreg vart lågare enn veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 27 2023 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 27 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 67,4 prosent. Gjennom veka  auka magasinfyllinga med 2,0 prosenteiningar.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer om til dømes snø, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no