Publisert 29.08.2023 , sist oppdatert 01.09.2023

Historie

Enoch Djupdræts samling, Spesialsamlingene ved universitetsbiblioteket i Bergen

Lærdalselva er frå gamalt av sett på som ei farleg flaumelv. Opp gjennom åra har det vore gjort omfattande arbeid med forbygging langs Lærdalselva.

Flaumane i 1920 og 1924 er dei største registrerte flaumane sidan registreringane vart sett i gong ved Lo bru i 1916. Desse hadde ut frå analysane som her er gjort eit gjentaksintervall på 100 – 200 år. Plutseleg veromslag med sterk varme 30.-31.mai 1971 gav intens snøsmelting i nedslagsfeltet til Lærdalsvassdraget. Hovudelva og ein del sideelver fløymde opp og førte til overfløyming av dyrka mark, beiter, skader på busetnad, vegar, reve- og minkegardar osb. Under 1971-flaumen vart limnigrafen ved Skjærsbrui øydelagd.

Allereie på midten av 1800-talet kom arbeida med forbygging av Lærdalselva i gang. Omkring hundreårsskiftet vart det utført forbyggingsarbeid på dei nedste 14-15 km. Det vart lagt opp flaumsikre fyllingar på begge sider, forsterka med mur av stein. Seinare er flaumverka vorte forsterka fleire gongar. Under flaumen i 1971 redda dei tidlegare utførte forbyggingstiltaka store verdiar, men dei fleste forbyggingane var for låge til å hindre overfløyming. I tidsrommet 1971- 1975 vart forbyggingane utbetra og forsterka. Dei gamle flaumverka vart gjort høgare og utvida, og steinlaget på elveskråningane vart utbetra og fornya.

I august 2023 gjekk elva igjen flaumstor då uvêret Hans strakk seg over vasskillet. Elva steig raskt og det er den femte høgste flaumen målt ved Stuvane målestasjon frå 1980 til dd på 355 m³/s. Det som gjer denne flaumen veldig spesiell er at det var ein rein regnflaum og ikkje smelteflaum som ein normalt har i Lærdal. Nedbøren som var målt ved den meteorologiske målestasjonen Maristova syner ein av dei høgste nedbørsverdiane i måleperioden (1890 - dd).